Vårsøghelga - Famntak

Om arrangementet

Vårsøghelga - Famntak Fredagskvelden på Surnadal Billag er eit av høgdepunkta under Vårsøghelga. Her er det topp underhaldning, god stemning og god drikke i baren. Vårsøghelga fyller 30 år i 2025, og vil mellom anna invitere attende artistar til Vårsøghelga som har gjort minneverdige konsertar opp igjennom åra. Det har kome inn ønske frå mange om ein ny konsert med Famntak. Famntak har takka ja. Tone, Trygve, Anders og Jostein har alle eit sterkt og godt forhold både til Surnadal og til Vårsøghelga, og gler seg stort til ein reunion og stor stemning på Surnadal billag. Det vil også bli fleire artistar på konserten på Billaget, som blir presentert seinare i vinter. Medvirkende Famntak : Tone Søyset Døving, Trygve Brøske, Anders Larsen og Jostein Ansnes.