TRU PÅ EIGEN TVIL - ein kveld med Sigurd Brørs
Billetter
Om arrangementet
Det har gått tre år sidan sist Sigurd Brørs gav konsert i heimbygda si, men no er han endeleg tilbake og gjestar ny-scena i Kulturhus-foajeen, med eit konsertkonsept han har kalla TRU PÅ EIGEN TVIL. Som tidlegare sjef for pop-orkestra Karl Barx og The Brørs har Sigurd både Beatles-inspirasjon og punka ting i kofferten. Men han har heile vegen laga meir stillferdig singer/songwriter-materiale «på si», og åleine på scena framfører han ein variert miks av alt dette. Både i og mellom songane vekslar Sigurd sømlaust mellom inderleg alvor og humoristiske skråblikk. Settet hans vil ha ei eiga avdeling med songar om og til faren Styrkår, mellom anna ein norsk versjon av YouTube-hiten «What Dad Said». Den tidlegare langrennsløparen akkompagnerer seg sjølv både med gitar og piano. Gitaren plukka han opp etter at han avslutta idrettskarrieren som 28-åring. Pianoet plukka han fram att for halvanna år sidan, etter at det stort sett hadde stått urørt frå han var 15. Du kan sjekke ut Sigurd sin nyaste singel «Drøm. Liv.» via denne Spotify-lista: https://open.spotify.com/playlist/06aCP0hAcVvxWeKRKfCQsP?si=9c235d87631045eb Under konserten blir singelen og fleire andre songar på lista framført i nedstrippa drakt. ::: Med sin lune, humoristiske og særegne opptreden, og kledd i Felleskjøpet-caps med matchande gul T-skjorte og grøn bukse med kassegitaren klar, fanga Brørs publikum og satte standarden frå første sekund.» – Trollheimsporten.no etter at Sigurd varma opp for Ingrid Olava på Surnadal Billag i 2023.
