Stemmeprakt - Vårsøghelga
Billetter
Om arrangementet
Konsertane i Stangvik kyrkje har i Vårsøghelga si 30 årige historie vore som ein institusjon å rekne. Her har vi høyrt nasjonale og internasjonale musikarar på absolutt høgaste nivå. Stor sjangervariasjon, mangfold og spennvidde har kjennetekna konsertane. I år er ikkje noko unntak, tvert imot. Trio Mediæval, Arve Henriksen, SKRUK, Per Oddvar «Prots» Hildre, Henning Sommerro og John Pål Inderberg står på scenen i fantastiske Stangvik kyrkje under 30-årsjubileumskonserten. Trio Mediæval består av songarane Anna Maria Friman Henriksen, Linn Andrea Fuglseth og Jorunn Lovise Husan. Trio Mediæval er ein av Norsk musikklivs største eksportsartiklar. Dei fascinerande stemmene har betatt verda med sine fantastiske konserter og innspelinger av eit mangfaldig repertoar. Trio Mediæval har gitt konserter, radio- og TV-opptredener over hele Europa, USA, Canada og i Asia. Sidan starten har Trio Mediæval utgitt fleire album på det tyske plateselskapet ECM Records. Disse innspillingene har alle ligget på den amerikanske Billboard Top 10 Bestsellers List – og sistnevnte ble i tillegg Grammy-nominert. A Worcester Ladymass (ECM, 2011) fikk den tyske German Record Critic’s Award og har bla a fått glitrende anmeldelser i England. Albumet Solacium (2021) er Trio Mediævals samling av salmer og vuggesanger — intime songar like gamle som tiden og like nye som i morgon: dette er musikk utan grenser, som hyller vår felles menneskelighet. Arve Henriksen (trompet): Er ein av våre aller fremste instrumentalister og musikere. Henriksen har med sin unike trompetklang spelt seg inn i manges hjarter. Han har samarbeidet med det meste av nasjonale artistar i tillegg til ein stor internasjonal karriere. Han har samarbeidet med ma Motorpsycho, Odd Nordstoga, Jaga Jazzist, Sondre Bratland, Kari Bremnes og mange mange fleire. Arve Henriksen har ofte opptrådt med Trio Medieval i live-settinger – men ECM-albumet Rímur er deres første omfattende samarbeid på plate. Den ble spilt inn i februar 2016 ved Münchens Himmelfahrtskirche, og produsert av Manfred Eicher. Henriksen fikk si jazzutdanning på Musikkonservatoriet i Trondheim (NTNU) SKRUK er eit legendarisk kor basert på Sunnmøre, som i over 30 år har vorte dirigert av korlegenden Per Oddvar Hildre, kjent som Prots. Dei blir rekna som eit av de aller beste kora vi har. SKRUK har sidan starten i 1973 gjeve ut over 25 album. Deriblant i samarbeid med Henning Sommerro og gruppa Vårsøg. SKRUK og Vårsøg si plate «Av moll er du komen, til dur skal du bli» er for lenge rekna som ein klassikar. Flesteparten av SKRUK sine album er utgjeve på Kirkelig Kulturverksted. Koret sine rundt 45 songarar er spreidde over heile landet, og møtest for øving og konsertar i løpet av året. Koret har blitt nominert til Spellemannsprisen tre gonger. Det er ei stor glede å ynskje SKRUK velkommen tilbake til Vårsøghelga. John Pål Inderberg (saxofon) er ein av dei mest betydningsfulle musikarar og pedagogar i Norge. Inderberg har med sin pedagogiske evne, lært opp ein rekke av landets fremste jazzmusikarar med sin unike pedagogikk. Han er tildelt ein rekke prisar for sin innsats. Deriblant Buddyprisen, Kongens fortjenestemedalje, Trondheim Kommunes kulturpris, Lindemanprisen, Hilmarprisen, Sør-Trøndelag fylkes kulturpris mm. Vårsøghelga er glade og stolte over det lange og gode samarbeidet vi har hatt med John Pål i alle år. Foto: Theresa Pewal