1

Vårsøg 75 år - Teatret Vårt

Sommerro sin hyllest til Hyldbakk og freden

Hans Hyldbakk skreiv Vårsøg i 1945. Diktet uttrykker gleda over våren - og over frigjeringa som var i anmarsj. I anledning 75-årsjubileet inviterer vi til teaterkonsert og feiring av ein kjær diktar.

Henning Sommerro og eit handplukka ensemble med John Pål Inderberg, Sara Fellman og Julie Støp Husby tek deg med på ei musikalsk reise i Hyldbakk sin verden. Sommerro har laga nye versjonar av sine vakre melodiar, og med unike lydopptak og Kleiva-brev kan vi sjå på Hyldbakk sitt liv og tekster med eit nytt blikk.

Velkommen til ei feiring av Hyldbakk – og freden! 

...i  år er trua og vona større og rikare enn nokon gong før, for no lovar våren meir enn på lenge, (...) det ser ut til at sommaren kjem med den freden i fanget, som vi har venta så sårt på. Alt tyder på at no kan det ikkje vera lenge att før krigen er slutt."  Frå Vårbrev 1945, Hans Hyldbakk

"Spill levende Hyldbakk-hyllest". Terningkast 5, Romsdals Budstikke

Billettar til Vårsøg 75 år - Teatret Vårt

  1. Lau 17. okt kl 20:00 Storstuå Les meir Utseld
  2. Søn 18. okt kl 18:00 Storstuå Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_