Vårnattkonsert i Stangvika med orgel og ord

Mozart, Bach og dialekta vår på same plakat – samla i same vårnatta. Ja, du ser heilt rett. Vi trur at dette kan bli ei vårnatt heilt utanom det vanlege. Attpåtil i vakre og storslåtte Stangvik kyrkje.

Erling With Aasgård frå Åsskard vil denne seine kvelden spele musikk av Mozart, Bach og Messiaen. Aasgård er organist, cembalist og kyrkjemusikar med utdanning frå konservatoriet i Trondheim og Staatliche Hochschule for Musik und Dartstellende Kunst i Stuttgart. Han var frå 1997 og i ti år framover domkantor i Molde domkirke, og han har vore kantor i fleire kyrkjer – med anna i Nidarosdomen og Kolstad kyrkje. Han har spela konsertar i fleire land og gjeve ut plater. I det heile har han ei imponerande merittliste å vise fram.

I same kyrkjerom, same kvelden, får vi òg møte språkforskar, ordbokredaktør og folkemusikar Tor Erik Jenstad frå Jenstad i Sunndal. Jenstad er både cand. philol (sunndalsdialekta) og dr. art (folkemusikkterminologi med vekt på feletradisjon), og kan til og med smykke seg med Spellemanspris frå 1981 (Hørkelgaddan). I tillegg har han motteke målprisar både på Nordmøre og i Trøndelag. Jenstad er kjend som ein framifrå formidlar, og har vore mykje bruka i NRK Radio. Ein kan berre gle seg til denne reisa i dialekt, ord og uttrykk. Med forbehold om endringar grunna koronasituasjonen.

Billettar til Vårnattkonsert i Stangvika med orgel og ord

  1. Tor 27. mai kl 23:00 Stangvik kyrkje Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_