1

UKM 2019

Ung Kultur Møtes til helga!

Ungdommar i Halsa, Rindal og Surnadal legg opp til allsidig kulturmønstring laurdag 16. februar kl. 17 – med ein bonus av eit etterlag!

Denne gongen er det 13 ulike innslag på musikk, 6 danseframføringar, 2 innan teater/drama, 2 unge kunstnarar, mens resten – 11 ungdommar – deltek ved å stå attom sjølve arrangementet på Surnadal kulturhus. Totalt er knapt 80 ungdommar frå Halsa, Rindal og Surnadal med på UKM i år.

UKM (Ung Kultur Møtes) blir også forlenga med ein «KIN ROCK»-konsert etter at den formelle mønstringa er over. Dei fleste av gruppene vil delta på mønstringa med ei låt, men vil på tampen av arrangementet bidra med eit par låtar til kvar – og med det gi deg enno ein god grunn til å få med deg UKM på Surnadal kulturhus denne laurdagen.

_
_
_