Trommer, polka og pub

Først får vi: Oddbjørn Sponås, Frank Hannasvik og John Pål Inderberg. To unge trommisar frå Surnadal set saman eit heilt nytt konsept og lydbilde saman med jazznestor Inderberg. Oddbjørn og Frank har gått gradane frå kulturskulen til utdanning på musikkhøgskulen og konservatoriet i Trondheim. To trommisar og saxofoner. Utan harmoniske instrument eller notar. Kva kan dette bli?

Så kjem: Polkabjørn & Kleine Heine. Endeleg er dei tilbake. Kanskje er dei verden raraste duo? Ellevill musikalitet. Det er tal om kompromisslaus jodling i verdensklasse og strupesong frå same hylle. Altså den øverste. Virtuosen Kleine Heine er så god med trekkspelet at det går nesten ikkje an. Det går fort, og det går unna med stil. Ikkje rart han blir kalla trekkspelets svar på Matti Nykänen.

Surnadal Billag har ei rik historie. Etter denne kvelden trur vi det må skrivast eit nytt kapittel i den boka.  Trommer og saksofon, utan harmoniar, tysk undergangsmusikk fra 30-årene blanda med jodling, strupesang og Jens Book Jensen. Alt fra same scene til same billett. Ikkje til å tru! Med forbehold om endringar grunna koronasituasjonen.

Billettar til Trommer, polka og pub

  1. Fre 28. mai kl 21:00 420 kr   Surnadal Billag Les meir Få billettar
Vis hele programmet
_
_
_