1

The Brørs: "Pappapop"-slepp

Sigurd Brørs og einmannsbandet The Brørs har teke eigarskap til den nye sjangernemninga «pappapop»! Denne perla av eit ord er nemleg tittelen på den ferske plata som skal feirast i kveld.

I anledning platesleppet er einmannsbandet utvida med denne knallsterke gjengen som òg spelar på plata: Oddbjørn Sponås på trommer, Jørgen Wassvik på bass, Brage Kristian Einum på tangentar, Emil Emilson Holmesland på trompet og Martin Vognild Einum på trompet og munnspel. Med Sigurd på song og gitar blir det 67 % surndalingar!

Om plata:

Sigurd vart pappa for første gong på tampen av 2016, og dette utløyste ein kreativ formtopp som kulminerer med utgjevinga av «Pappapop». Alle dei 11 songane vart laga innanfor eit drygt halvår og tematiserer fødsel, familie og farskap, med like delar feiring, skråblikk og eigenterapi.

Musikalsk er plata like variert som berg- og dalbanen av tankar og følelsar som pregar småbarnslivet. Både pønk og visesong har plass under Pappapop-paraplyen. På www.broers.no/pappapop kan du høyre tittelsongen – ein popsong om å synge pop, og i seg sjølv ein shuffle i klassisk Beach Boys/Beatles-tradisjon.

 

Inngangspris: 170,-

PAPPA-SPESIAL: Gratis CD til deg som kjem i følge med pappaen din!

Det blir òg anledning til å kjøpe signerte CD-ar til 100,- pr. stk.

Billettar til The Brørs: "Pappapop"-slepp

  1. Lau 5. jan kl 19:00 Storstuå Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_