1

Nyttårskonsert med TrondheimSolistene

Meir musikalsk fyrverkeri frå TrondheimSolistene


Det er på tide å markere at vi har runda eit nytt årsskifte, og TrondheimSolistene vil gjera sitt – som alltid – for å feire dette med sin tradisjonelle nyttårskonsert i Surnadal kulturhus fredag 10. januar.

TrondheimSolistene er så husvarme både i Sunndal og Surnadal at dei neppe treng nokon nærmare presentasjon. Men vi må vel pliktmessig ta med eit kort resymé: TrondheimSolistene er eit topp, profesjonelt ensemble av musikarar, etablert i 1988 og med eit musikalsk vidsyn få, om nokon, kammerorkester kan matche. Dei er, i tillegg til her i området, også store internasjonalt, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet. Punktum.

Og akkurat denne spontaniteten gjer det litt vanskeleg å spå kva som skjer når dei kjem til kulturhuset i Surnadal på fredag. Det går rykter om alt frå heftige tangorytmer frå Argentina og til amerikansk stadionrock – i tillegg til «Dei faste postane».

Vi veit i alle fall at dei tek med seg ein cellist som er av det mest internasjonale ein kan få tak i: Trey Lee vart møtt med ståande ovasjonar etter debutkonserten sin i Carnegie Hall; «the excellent cellist», skreiv New York Times og skrytte av kor rikt og lyrisk Trey Lee spelte.

Trey Lee har ein fyldig CV, med ei lang «skryteliste» av konsertar – m.a. inviterte generalsekretæren i FN han til å spele i storstua deira.

Han er eigentleg frå ein by som har dominert media i lang tid, Hong Kong. Musikkutdanning tok han først ved Julliard i New York, og har også studert ved Harvard, konservatoriet i Boston og i Madrid og Køln. Trey Lee har også spelt med TrondheimSolistene før: på hans eigen festival «Hong Kong Musicus Fest» i fjor.

Den andre gjestemusikaren, Nils-Olav Johansen, har ikkje riktig så lang arbeidsveg, i og med at han er tilsett som professor ved Institutt for musikk ved NTNU i Trondheim. Som utøvande musikar er han kjent frå grupper som Farmers Market, Storytellers, Big Bambus og Transjoik. Nils-Olav Johansen er både gitarist, komponist og vokalist – og likar å bevege seg i eit jazzfarga landskap, og pøsar på med fargepalettar frå dalstroka innafor og bergknattar utafor dette, så dette blir spennande!

Spennande blir det nok også for unge kulturskulemusikantar frå Sunndal og Surnadal som skal spele saman med proffene på nokre nummer. Dei fekk besøk av ein trondheimsolist før jul for å gå gjennom dei to stykka dei skal spele på konserten, og det eine skal altså visstnok vere ein Bon Jovi-song …

_
_
_