Kleivakveld

Kleivakvelden er sjølve indrefileten på Vårsøghelga. Her kan man ete bakels og græt og drikke kaffe, mens man hører Henning Sommerro synge Vårsøg, med heile bygda som kulisse.

I år er vi glade for å få besøk av nok et topplag av artistar. Haddy Njie er sikkert mest kjent som programleiar for "kvelden før kvelden" på NRK, men ho er også ei fantastisk dyktig songarinne. På Kleiva kjem ho for å syngje frå sitt rikholdige reportoar, saman med sin faste gitarist Ørnulv Snortheim. Kleivakvelden kan nesten samanlignes med "kvelden før kvelden", sidan det er ein del faste innslag som må vera med.

Henning og John Pål, diktlesing, Surnadal hornmusikk, Svein Sæter og Kleivapris er alle kjente og kjære innslag under Kleivakvelden. Nytt av året, er at vi skal ha eit heilt kor på Kleiva. Koret VOX, med sin dirigent Rolf A Berg, har etablert seg som eit frisk pust i kulturbygda Surnadal. Spesielt filmmusikk-samarbeidet med Surnadal hornmusikk kan trekkas fram.

Velkommen til Kleiva på nok ein spektakulær Kleivakveld.

Billettar til Kleivakveld

  1. Lau 23. mai kl 18:00 400 kr   Kleiva Les meir Kjøp
Vis hele programmet
Som følge av de nye nasjonale retningslinjene for å hindre smitte av koronaviruset blir Surnadal kulturhus stengt inntil videre og ingen forestillinger blir gjennomført.
_
_
_