1

Internasjonal bygdekveld

Sett av tysdagskvelden 15. oktober til triveleg lag: Internasjonal bygdekveld har vorte ein årleg tradisjon i bygda. Vi treng noko å samlast om og varme oss på når rimfrosten legg seg. Kvelden passar for alle, både store og små. Og alt er gratis!

Kom og opplev flott underhaldning i Storstuå og sosialt samvær kring matbordet etterpå! Flyktningane lagar internasjonal og norsk mat saman med Bygdekvinnelaga og Norsk kvalitetsmat stiller med fiskeburger.

Sanitetsforeningane har henta inn flotte gevinstar til loddsalet frå lokalt næringsliv. Overskotet frå loddsalet går til TV-aksjonen NRK Care sitt arbeid for kvinners rettar og tryggleik i sårbare område.

På programmet står Koret VOX, fleire band og elevar frå Kulturskulen, Dansekompaniet KIN og vi skal bli kjent med 3 kvinnelege flyktningar som fortel om sine erfaringar som kvinne, flyktning og innbyggar her.

Alle stiller gratis opp for ei god sak.

Velkomne til ein triveleg kveld!

_
_
_