Heime hos SpareBank1 Nordmøre

Konsert heime hos SpareBank1 Nordmøre (tidl Surnadal sparebank) kl 14.00 i samarbeid med Paul Okkenhaug-selskapet.

KAFFER STENGJE DÆM SÅ TIDLEG OPPI BANKJEN?

 

Medverkande: Mari Lunnan, Øyvind Gimse, John Pål Inderberg, elevar frå kulturskulen, Taffelpikene, Holger Skei, Beate Mordal og Hedda Hansen Berg

I år kjem Mari Lunnan endeleg til Vårsøghelga. Kjem ho kanskje til Surnadal på ein gul scooter, slik som hennar far og Surnadals-venen Andreas gjorde? Vi kjenner godt til Mari frå NRK, der ho er ei av dei som brenn aller mest for musikk og kulturformidling. I banken skal ho snakka om sin bestefar, komponisten Paul Okkenhaug frå Frol i Levanger, som kanskje er mest kjend for å ha komponert musikken til «Spelet om heilage Olav» som blir spela i amfiet på Stiklestad. Kva parallellar kan vi trekkje mellom komponeringa til Okkenhaug og diktinga hans Hyldbakk?

Det får vi svaret på denne dagen. Elevar frå kulturskulen, Beate Mordal (sopran) og Hedda H Berg (piano) har fordjupa seg i nokre av songane til Okkenhaug i vinter, og resultatet får vi høyre her. I tillegg skal Taffelpikene, der minst ei av medlemmane har slekta si i frå Mogjerdet, spela ein komposisjon som Henning har skreve til dei. Øyvind Gimse, med ein av verdas beste og dyraste celloer, og John Pål med ein litt billegare saksofon, har fått frie kunstneriske tøylar, så kva som skjer der veit ingen. Når det gjeld opningstidane i ny-banken, så skal banken sin næraste nabo Holger oppklare det. Etter konserten spanderer Liv og Allan gratis kaffe og kake. Med atterhald om endringar grunna koronasituasjonen.

Billettar til Heime hos SpareBank1 Nordmøre

  1. Lau 29. mai kl 14:00 Tidl Surnadal Spareb Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_