Avslutningskonsert i Stangvik kyrkje

Medvirkende: Beate Mordal, Hedda Hansen Berg, Nils Arne Eggen og Ola By Rise

Avslutningskonserten under Vårsøghelga 2021 blir ei unik oppleving med to levande legender innan fotballverda. Dei to herrane Eggen og By Rise har også eit stort hjarte for litteratur og poesi. Høyr Nils Arne og Ola By tale om litteratur, lyrikk, samhandling og om livet generelt. Innimellom dialogene(evt monologane ) med Nils Arne og Ola, får vi høyre sopranstjerna Beate Mordal frå Molde i samspel med vår eiga Hedda H Berg på flygel.  Beate syng til vanleg på dei største scenane rundt omkring i verda. Søndag 30.mai kl 14.00, står ho på den aller finaste, nemleg i Stangvik kyrkje. Dette kjem til å bli ein konsert for historiebøkene.

Med forbehold om endringar grunna koronasituasjonen.

Billettar til Avslutningskonsert i Stangvik kyrkje

  1. Søn 30. mai kl 14:00 Stangvik kyrkje Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_