1

Åge, Gunnar og TrondheimSolistene

Vårsøghelga er stolte og glade, over å kunne presentere Åge
Aleksandersen og Gunnar Pedersen, saman med
TrondheimSolistene i Stangvik kyrkje 20. mars 2020 kl 19. Åge,
Gunnar og TrondheimSolistene spela sumaren 2019, to konsertar i
Nidarosdomen under Olavsfest. Begge konsertane vart utselde i løpet
av nokre få timar. No er vi så heldige å få besøk av dei i Surnadal, i
Stangvik Kyrkje, til ein konsert arrangert av Laget Vårsøg. Velkommen
til eit fantastisk forspel til Vårsøghelga.

Adresseavisen skriv om konserten:
«Hvem hadde trodd at Levva Livet skulle få en til å gråte», «Musikken
presenteres i en naken og sårbar drakt – helt nydelig» «Konserten er
på mange måter ikke bare en konsert, det er en opplevelse».

Dette vert ei unik konsertopplevelse, kor Åge byr på seg sjølv, og kor
det synes ei annleis side av Noregs mest populære artist. Vi får høyre
dei fleste kjente låtane, samtidig som vi får høyre songar som vanligvis
ikkje presenteres på konsertar. Som Åge sjølv seier: «Vi stikker innom
for å slå av en prat og spille og synge noen låter».

Konserten er støtta av Sparebank1 SMN - TrondheimSolistenes
hovedsponsor, og Norske filter, i tillegg til Vårsøghelga sine
samarbeidspartnerar i Vårsøglauget: ALTI, Tidens Krav, Gjensidige,
Driva, PipeLife, Surnadal Sparebank, Thon Hotels, AMFI og
Sparebank1 SMN

Foto: Marthe Vannebo

 

 

 

Billettar til Åge, Gunnar og TrondheimSolistene

  1. Fre 20. mar kl 19:00 Stangvik kyrkje Les meir Utseld
Vis hele programmet
_
_
_