Herborg og TrondheimSolistene - Vårsøghelga
Billetter
Om arrangementet
Kråkeviks songbok, som kom ut i 2000, var eit banebrytande samarbeid mellom eit klassisk kammerorkester (TrondheimSolistene) og songaren og skodepelaren Herborg Kråkevik. Plata vart innspelt i det legendariske (gamle) Rainbow studio i Oslo, med Jan Erik Kongshaug og Bjørn Nessjø bak spakane. Den resulterte i lange turnear over heile landet, fleire opptredener i TV og radio. Det vart ei av dei mest solgte norske platane gjennom tidene. No 25 år seinare har Kråkevik og TrondheimSolistene nok ein gong gått i studio saman, og spelt inn oppfølgaren til Kråkeviks Songbok. Plata lanseres i mai 2025. Surnadal og Vårsøghelga er ein av svært få stader som får besøk av Kråkevik og TrondheimSolistene ifm lanseringa. På den nye plata får vi høyre nokre av våre aller kjeraste songar, kledd i den unike drakta til Herborg og TrondheimSolistene. Denne konserten avslutter 30-årsjubileet til Vårsøghelga. Foto: Mona Nordøy