Ine Hoem og Edvard Hoem - Alt vi har kjært

Om arrangementet

INE HOEM OG EDVARD HOEM på turné saman Far og dotter Hoem har opplevd stor suksess på hvert sitt felt. Edvard Hoem har gleda leserar over heile Noreg gjennom flere generasjonar, blant anna med romanane om forfedra hans som utvandra til Amerika, og Ine Hoem har gjort stor suksess med si smakfulle visepop med songar som «Jeg vil aldri hjem» og «Vi trenger ikke hage vi». Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter Hoem, tok til for meir enn femten år sidan, men ble fyrst offentleg kjent med den vakre gjendiktninga og versjonen av «Å, signa natt», høsten 2020, som blant anna ble framført på NRK Lindmo i desember 2020. Høsten 2021 legg Ine Hoem og Edvard Hoem ut på sin første turné saman i forbindelse med releasen av albumet «Alt vi har kjært». Albumet «Alt vi har kjært» er Ine Hoems melodiar og nyskrevne tekstar av Edvard Hoem. Man finn også salmar som «Den Fattige Gud» av Henning Sommerro og «No stig vår song» av Håkon Berge. Dette blir ei konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine syng farens tekstar på meisterleg vis, mens Edvard Hoem les frå sin siste roman Felemakaren og dei andre utvandrarromanane sine. Ine syng også noen av sine mest kjente songar. Samspillet mellom far og dotter bør opplevast, der humor, alvor, musikk og tekst går opp i ein høgare enhet. «Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje burde skrive om dét, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi står mellom framtidshåp og fortida med sine minne, vi lever i årstidene og døgn-tidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skal inn i nokre få verselinjer, som også skal uttrykke livsfryd og glede over alt det fantastiske som livet trass at har å by på» Edvard Hoem. I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og nokre fantastiske improviserande musikarar, har Ine skapt et unikt univers i møte mellom visepop, jazz og salmar, og Edvard sine tekstar. Bu deg på sterke tekstar og vakre melodiar! Edvard Hoem – forteller Ine Hoem – vokal Markus Lillehaug Johnsen – gitar Andreas Ulvo – piano Jo Berger Myhre – bass Pål Hausken – trommer