Hildegunn & Leif-Per utan Kringkastingsorkesteret
Billetter
Om arrangementet
Hildegunn og Leif-Per Moltubakk er endeleg tilbake i norsk showbiz! Mykje har skjedd sidan Hildegunn & Leif-Per tok heile landet med storm frå 1998-2010. Hildegunn har skilt seg frå ektemannen, Per-Leif, ho har blitt bestemor til sju - og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta nettutdanning som mental-coach ved The Californian Institute of Female Empowerment and Spirituality. Svogener, Leif-Per er framleis ein av Sunnmøre mest habile gitaristar, og trass i at han har fått installert vakuumtoalett på hytta si er han likevel singel. Spenn deg fast for ein humorkveld som ikkje liknar på så mykje anna - og ikkje minst alle moglegheiter som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med Kringkastingsorkesteret.