Fosse for dumskallar

Om arrangementet

Linda Eide og Sjur Hjeltnes serverer ein godbit av dei sjeldne: «Fosse for dumskallar», eit humørfylt og spennande møte med nobelprisvinnaren Jon Fosse. - Dette er noko så sjeldan som ei lys og lett Fosse-forestilling, seier Linda Eide. - Vi serverer forteljingar, analysar og anekdotar om verdas første nobelprisvinnar med nynorsk som hovudmål. Ei slik framsyning hører naturleg heime i verdas nordlegaste nynorskkommune, Surnadal! Parhestane Linda Eide og Sjur Hjeltnes er godt kjent, mellom anna frå «Eides språksjov» på NRK. No har dei gått den store forfattaren etter i saumane: Kven er Jon Fosse, kva skriv han, korleis skriv han? Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkjøring? Kva var det eigentleg som skjedde da mannen som aldri skulle skrive for teater, over natta vart ein verdsberømt dramatikar? - Og ikkje minst: Er Fosse så forbaska utilgjengeleg som folk skal ha det til? Linda Eide spør. Og svarar sjølv, i Storstuå 14. november.