Filmklubben - Stekte grønne tomater
Billetter
Om arrangementet
Onsdag 28.10 kl. 12 STEKTE GRØNNE TOMATER Billett kr 90 Speletid: 2 t
Det blir eit gledeleg gjensyn med STEKTE GRØNNE TOMATER (1991) i Filmklubben denne gongen. Og har du ikkje sett filmen, kan ein kanskje seie at den minner litt om «Forrest Gump» – eller rettare omvendt, i og med at Forrest først dukka opp på kinolerretet tre år seinare. Likskapen går da mest på stemninga filmen skapar, korleis handlinga flyt framover og blandinga mellom humor og alvor.
Alt blir sparka i gang ved at Evelyn (Kathy Bates) blir kasta ut av rommet til ein kvinnevond slektning av ektemannen, og kjem så i samtale med ei eldre dame på daglegstua til pleieheimen. Denne kvinna fortel den fantastiske og dramatiske historia til Idgie Threadgoode, og om kafeen i Whistle Stop der dei serverte STEKTE GRØNNE TOMATER.
Det kan sjølvsagt verke eksotisk med grøne tomatar, men vi kan love at handlinga er langt meir spennande enn som så.
Lesarane til Dagbladet stemte fram STEKTE GRØNNE TOMATER til den beste «feelgood»-filmen, og det med klar margin foran «Titanic» og andre. «Filmen er den ultimate feel-good film, med sin varme blanding av humor og tårer», skreiv dei etter kåringa i år 2000.
Som medlem av Filmklubben får du gratis inngang på årets siste film. Du blir automatisk medlem om du kjøper billett på ein filmklubbfilm.
Neste onsdag, 4. november, blir MARKENS GRØDE sett opp kl. 12. Det er ei ordinær kinovisning der det også blir selt honnørbillettar.
