Filmklubben - Sønner av Norge kjøper bil
Billetter
Om arrangementet
Det var rasjonering av bil etter krigen, der stort sett berre dei som trong bil i næring fekk kjøpe. Seinhausten 1960 vart det derimot muleg for alle å skaffe seg den slags framkomstmiddel, og folkekomedien «Sønner av Norge kjøper bil» (1962) gjer narr av både byråkratiet rundt bilkjøp og ei meir sjuk interesse for å ta vare på denne nye «familiemedlemmen». Den første norske charterturen frå Fornebu og til «Syden» vart avvikla sommaren 1959, og om «sønnene av Norge» var ivrige på å låne til bilkjøp, ville kvinnene heller kjøpe sydentur på avbetaling.
«Sønner av Norge kjøper bil» er av dei best besøkte norske filmane gjennom tidene, som dei to andre i «Lambertseter-trilogien»: «Støv på hjernen» og «Sønner av Norge». Humoren er nok heseblesande gamaldags, men blir «redda» av akkurat det nostalgiske og gjensyn med skuespelarar som Willie Hoel, Carsten Byhring, Per Theodor Haugen, Inger Marie Andersen og, ikkje minst, den sleipe bruktbilseljaren Carsten Winger.
Filmlengd: 1 t. 38 min.
Neste film i Filmklubben er HJEM KJÆRE HJEM onsdag 19. november. Filmen er frå i år og med eldreomsorga i naboland Danmark som bakteppe: «En av årets viktigste filmer», skriv Aftenposten, og Adresseavisen sluttar seg til den vurderinga.
Betaling ved første oppmøte på filmklubbfilm blir rekna som innbetaling av kontingent. Som medlem av Filmklubben vil du ha gratis inngang til sesongens siste film, «Forrest Gump» (17.12).
