Filmklubben - Hell or High Water
Billetter
Om arrangementet
HELL OR HIGH WATER Onsdag 25. November kl. 12 Bill. Kr. 90
Det amerikanske uttrykket “Hell or High Water» kan omsettast med å gjennomføre noko, utan å tenke på konsekvensane. Og det er det dei to brørne gjer I denne filmen for å redde ein forgjelda heimgard.
Utgangspunktet er altså at dei held på å miste heimgarden ut frå at dei ikkje lenger klarar å betale gjelda til banken. Så kva gjer dei da? Ranar bankane.
Det var kortversjonen. Men dette er ein langt meir djupare film enn som så, som gjer den meir til eit drama enn ei enkel krimhistorie. Det får oss til å stille spørsmål ved kven som er dei gode og kven som er skurkane. Og sjølv om filmen vart spelt inn i 2016, rimeleg kort tid etter finanskrisa i USA, er tematikken like aktuell i dag – der amerikanske bønder slit grunna ustadige tollavgifter og høge drivstoffprisar.
Filmen fekk gode kritikkar da den kom – ja, alle seks (norske) vi har funne på nettet har gjeve den fem på terningen. Fleire dreg fram manuset, den flotte fotograferinga og skuespelarane – der vi også møter Jeff Bridges som straks skal pensjonerast som Texas Ranger.
«Dette er en film som burde ses!» oppsummerer Kinomagasinet. Og no har du sjansen!
Speletid: 1 t 40 min
FILMKLUBBEN viser film i vinterhalvåret på onsdagar det ikkje er senioruniversitet. Alle som har vore på ein filmklubbfilm i løpet av hausten får fri inngang til den siste filmen før jul (16. des. – «O, Brother Where Art Thou»).
