Filmklubben - Conclave
Billetter
Om arrangementet
Verda fekk ein ny pave i mai, peika ut etter ein såkalla konklave – ein prosess der kardinalane blir stengt inne heilt til dei har samla seg om eit val.
Filmen CONCLAVE er ein thriller om kva som skjer etter at ein populær pave plutseleg døyr. Kardinal Lawrence (Ralph Fiennes) får i oppgåve å leie prosessen med å velje ny pave – ei oppgåve som skal vise seg svært så vanskeleg etter kvart som han blir utsett for konspirasjonar, maktkamp og hemmelegheiter som vil ryste kollegiet og kanskje heile Den katolske kyrkja.
CONCLAVE hadde premiere sist jul og er ei reint oppdikta historie, men fekk skryt for kor truverdig både kostymer og scenografien var. Filmen var nominert til åtte Oscar, m.a. som beste film.
Neste film i Filmklubben er den norske komedia SØNNER AV NORGE KJØPER BIL, og den blir vist onsdag 5. november.
Du blir automatisk meldt inn ved første kjøp av billett. Alle som har sett ein filmklubbfilm denne hausten vil ha gratis inngang på FORREST GUMP 17. desember.
