Tjalve og Roskva - Det store kappløpet

Tjalve og Roskva førebur seg til eit stort kappløp. Tjalve er ein av dei raskaste til å springa, men plutseleg vert han så redd for å tapa at han ikkje vil vera med i løpet likevel.

 

Då kjem Roskva til å tenkja på den gongen dei var med Tor med hammaren til Utgard. Tor ville utfordra jotnane, slik at det ein gong for alle skulle verta klårt for heile verda kven som var sterkast, raskast og smartast av dei alle. Herskaren til jotnane, Utgards-Loke, ensa dei nesten ikkje då dei kom for å utfordra jotnane. Og kven var det Tor valde ut til å springa om kapp med Huge? Jau, Tjalve. Og då var ikkje Tjalve redd for å tapa i det heile.

 

Mytar er evig aktuelle. Dei fortel oss ikkje berre om for lenge sidan eller i gamle dagar. Mytar har ein eigen verdi. Når me set dei inn i vår tid kan dei fortelja om no, alltid og kvar gong. Bli med Tjalve og Roskva inn i den norrøne mytologien – til den gongen guden Tor tok med seg to menneskeborn til Utgard for å kjempa mot jotnane; dei store kjempene.

 

Norrøn mytologi møter notida i denne leikne og morosame framsyninga fylt med fart og spaning for heile familien frå 6 år.

Billettar til Tjalve og Roskva - Det store kappløpet

Vis hele programmet
_
_
_