Sæle Jolekveld

 

Artistane Gunnhild Sundli og Aasmund Nordstoga gav i november 2015 ut juleplata ”Sæle jolekveld”, og fekk svært gode kritikkar.

For 5. året legg dei ut på juleturne saman med repertoaret på plata.


Dei har sett saman ein julekonsert med folkemusikkens drivande nerve i seg, og byr på kjende og mindre kjende julesongar: framført leikande, vakkert og fredfullt, og med det intime samspelet mellom tekst og melodi i sentrum.
Begge artistane har røter i folkemusikken, og med seg har dei nokre av sjangerens fremste musikarar. Saman skapar dei ein julekonsert i særklasse!

Besetning:
Gunnhild Sundli: vokal
Aasmund Nordstoga: vokal
Band med besetninga gitar / mandola, feler / strengeinstrument og bass.

Turneliste:
onsdag 29. November: Surnadal
torsdag 30. November: Levanger
tysdag 5. Desember: Måløy
onsdag 6. Desember: Bærum
torsdag 7. Desember: Lier



Oslo / Bø i Telemark, 29. august 2017.

Gunnar Reed

Billettar til Sæle Jolekveld

  1. Ons 29. nov kl 19:00 Storstuå Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_