Onsdagstreff

Nytt onsdagstreff i Surnadal kulturhus onsdag 11. oktober kl. 13 – og denne gongen om slaktarhistorie for Nordmøre generelt og Surnadal kommune spesielt.

Andreas Sandvik har skrive slaktarhistorien for Nordmøre, og i den nær 560 sider store boka er mykje av stoffet henta frå noverande Surnadal kommune. Rundt femti bygdeslaktarar herifrå har fått eigen presentasjon, i tillegg til plassen som er via større og mindre slakteri i kommunen.

Dette er spennande lokalhistorie, og Sandvik har mange gode historier å krydre foredraget med.

Etter treffet blir det servert kaffe og kakestykke (medrekna i billetten) – og dei som vil får sikkert også sjansen til å kjøpe boka til Sandvik. 

Onsdagstreffa går inn som ein del av tilbodet støtta av «Den kulturelle spaserstokken».

_
_
_