Høstsonaten - Teatret Vårt

Inderleg oppgjer mellom mor og dotter.

Å meistra det ekstraordinære, men feila i det trivielle. Å mista det nære for å få det fjerne. Om å villa men ikkje kunna. Om nederlaga frå barndommen og prisen for å vera berømt. Om kva me ventar av oss sjølve og kvarandre.

Etter fleire år på europaturné reiser konsertpianisten Charlotte Andergast attende til Noreg for å vitja dottera si, Eva. Mor og dotter har ikkje sett kvarandre på sju år. Eva bur no i prestegarden saman med ektemannen, biskopen Viktor. Charlotte veit ikkje at den andre dottera hennar, Helena, som ho ein gong sette vekk på ein heim for nevrologisk sjuke, no bur hjå Eva og Viktor.

For Charlotte og Eva er dette ein sjanse til å endeleg snakka ut. Men kan ein det? Kvifor reiser Charlotte i det heile teke attende? Kva håpar Eva at besøket skal ha å seia? Forventingane deira til kvarandre er både store og usikre på same tid.

Ingmar Bergmann var ein av dei største film- og teatermakarane frå si tid. I 2018 feirar me at det er 100 år sidan han vart fødd, med å setja opp Høstsonaten. Bergmann skriv sjølv om handlinga: Ei mor og ei dotter, for ein redslefull kombinasjon av kjensler og forvirring og øydelegging. Alt er lov, og alt skjer i namnet til kjærleiken og omsorga.

Filminnspelinga av Høstsonaten (1978) gjekk føre seg på Midsund i Møre og Romsdal. Med Moldepanoramaet som bakteppe, glitra verdsstjernene Ingrid Bergmann og Liv Ullmann om kapp i Ingmar Bergmanns regi.

Med oppsetjinga vår av Høstsonaten vil me òg hylla Vivi Sunde. Etter over 40 år i ensemblet spelar ho no si siste framsyning som fast skodespelar ved Teatret Vårt.

Kreditering:
Regi: Terje Skonseng
Scenografi og kostymedesign: Thomas Bjørnager
Lysdesign: Finn Landsperg
Med: Vivi Sunde, Johanna Mørck, Bjørnar Lisether Teigen, Michelle Heedal

Billettar til Høstsonaten - Teatret Vårt

  1. Tor 5. apr kl 19:00 Storstuå Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_