Teknisk informasjon

Plassering og parkering:

Enkelt å kome til og grei parkering for store bilar, på baksida av huset ved sceneinngangen.

Innlasting:

Innlasting skjer frå gateplan via store portar, rett inn på scenen. Portopninga er 2,50 x 2,95 .

Scenerom:

Scenen er 145m2 (sjå målsett teikning). Golv og veggar er malt matt svart.  Høyde til tak er 13 m. Høgde frå golv til scenekant er 1.0 m. Når det gjeld lyd, lys og andre tekniske innrettningar, sjå eiga liste.

Inndekning:

I tillegg til mellomteppe, bakteppe og kapper (sjå oversikt over scenetrekk), er det 5 sidebein på kvar side. Desse kan regulerast 3 m ut og inn av scenerommet. Mål: 1,60 X 7,0.
På veggene i salen kan ein regulere klang/lydbilete ved hjelp av tepper som enkelt kan regulerast.

Strøm:

Det er 14 doble uttak for 16 A, fordelt på 8 kursar. av 32 A er det totalt 3 stk. (2 på V side og 1 på H side).  Vi har 4 stk. 63 A ( 3 på V side og 1 på H side ).  Huset har 400 V, i tillegg har vi en trafo for 220 V med uttak for 1 16 A og en 32 A.

Garderobar og skodespelarfoaje:

Huset har 2 garderobar for artistar, desse er plassert ved sida av kvarandre, ei trapp opp. Vi har heis om det er tunge kolli som må opp til garderobane. Begge garderobane har toalett og dusj.  Kapasitet: damegard. 13 pers. herregard. 7 pers.
Skodespelarfoajeen er plassert tett ved scena, her er det plass for 16 pers.

Mikseposisjon:

Miksarar for lyd og lys er plassert lengst bak i salen, dette har fungert bra, det er kort avstand mellom scena og miksarane (bratt og kort amfi).

Kapasitet:

Storstuå har 300 sitteplassar.

Foaje:

Vi har og ein foaje som er egna til mindre konsertar. Her er det eit lite podie for artistar, og sitteplass for ca. 140 pers. ved bord. (teknisk utstyr: sjå eigne lister - Lyd og lys).

_
_
_