Historikk

Kulturlivet i Surnadal har ”alltid” brukt forsamlingshus, skular og kyrkjer som basar for sin aktivitet. Den sceniske aktiviteten fekk eit løft da Nordmøre Folkehøgskule bygde nytt i 1972, mens kinoen heldt stadig til i det tidligare losjehuset Trudvang.

Surnadal kommune hadde i sin generalplan sett av eit område ved Vassenden til eit komande forsamlingshus, men det var også kasta fram andre mulege plasseringar for ein ny samlingsstad, som Grimsmoen.

 I 1984 inviterte også Nordmøre folkehøgskule Surnadal kommune til eit samarbeid om kulturhus på skulen sin eigedom, og seinare kom også Surnadal vidaregåande skole med ein invitt til samarbeid.

I 1987 fører Kulturstyret opp kulturhus som eige tiltak på langtidsbudsjettet.

I 1988/89 skisserer ei arbeidsgruppe målsetjingar og romprogram for eit framtidig kulturhus. Kommunestyret vedtek reguleringsplan for Skei, der kulturhuset er plassert på område mellom hotellet og meieriet. Kulturstyret ber kommunestyret fatte eit prinsippvedtak om bygging av kulturhus.

Frå administrasjonen si side ville ein ha eit kulturhus som også skulle bidra til å utvikle tettstaden Skei og få ringverknader til eksisterande næringsliv der. Huset skulle forhåpentleg gjere kommunen meir attraktiv, og da spesielt for unge kvinner som tradisjonelt sakna spennande kulturtilbod i bygdekommunar som Surnadal.

I 1990/91 lager fylkeskulturstyret ei plan for regionale kulturhus. Surnadal får, etter noko kamp, tildelt ein slik status for regionen Rindal/Halsa/Surnadal. Fem millionar kroner i stønad frå staten er dermed sikra. Kommunen byrjar å sette av pengar på økonomiplana og utgreiingsarbeidet held fram med m.a. idedugnader.

I 1995 gjekk Høgre, Arbeidarpartiet og SV til val på at dei ville bygge kulturhus, og varaordførar Stig Sæter vart sett til å leie plan- og byggenemnda.

I 1996 sluttar kommunestyret seg til forslaget om lokalisering og romprogrammet. Plan- og byggenemnda vedtek å gjennomføre ein arkitektkonkurranse.

17. desember 1998 gjekk kommunestyret inn for bygging av kulturhus til ei kostnadsramme på 51 millionar kroner. Utfallet av saka var heilt uviss, da dei tre ”regjeringspartia” hadde mista både ordføraren og fleirtalet i løpet av perioden. Fleire av deira eigne representantar stemte også for eit forslag som i praksis ville ført til ei ny – og usikker - behandling seinare. Men om nokon fall frå på den sida av kommunestyresalen, gjekk m.a. langt fleire senterpartirepresentantar andre vegen og bygging vart vedteke med 18 mot 15 stemmer.

Byggesummen kom til slutt på nærare 51,7 millionar kroner.

Ved hundreårsskiftet vert grunnsteinen lagt ned og arbeidet med det nye kulturhuset byrjar våren 2000. Driftsmodell vert valt og kommunestyret vedtek at Surnadal Kulturhus skal drivast av partslaget Surnadal Kulturhus BA, med eige styre og eigen økonomi. Dette betyr at dagleg leiar og styret har alt ansvar og alle fullmaktar mellom årsmøta. Kommunen sitt ansvar er avgrensa til faste avtalar om leige og tilskot.

I 2001 vert det tilsett dagleg leiar og driftsteknikar/vaktmeister.

Kinoen vart første gong tatt i bruk 26. desember 2001 og det var ”Flåklypa Grand Prix” som vart vist først.

Huset vart offisielt opna 18. januar 2002 av leiaren for kulturkomiteen på Stortinget, Sonja Irene Sjøli.

I 2008 overtok Vårsøg hotell den tekniske drifta av huset, Surnadal Kulturhus BA blir lagt ned og Surnadal kommune tilsett ein kulturkonsulent som skal ha ansvaret for kulturen på huset. Men etter nokre rokkeringar på personalsida i kommunen, blir dei samde med hotellet om å overlate også styringa av det kulturelle tilbodet til dei.

Etter ti år med drift, har kulturhuset hatt eit besøkstal på 220.000 i Storstuå og Kammerset. Av det utgjer kinobesøket 90.000 selte billettar. Billettinntektene ligg samla på noko over 20 millionar kroner.

Besøket for dei andre romma, samt biblioteket og kulturskulen, er ikkje rekna med i talet over. Av det som ikkje er rekna med er utstillingsrommet Finstuå, rockerommet og møte- og dansesalen Svorka – som nok er det mest bruka rommet på huset.

Frå 1. mars 2013 tok Surnadal kommune over drifta av kulturhuset.

_
_
_